Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

Rådmann Kjellaug Brekkhus (f.v.) i samtale med kommunestyrerepresentantane Monica Sunde Tjønnås (H) og Kristin Sagerøy Råsberg (Ap) under budsjettpresentasjonen tysdag denne veka.

Høyanger kommune skal investere 74,7 mill kr neste år

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 13. november 2019

I Høyanger kommune skal det investerast i alt 74,7 millionar kroner neste år, om administrasjonen sitt budsjettforslag for 2020 blir vedteke.

Til samanlikning låg investeringar på 45,1 millionar kroner i 2019 og 30,7 millionar kroner i 2018.

– Det er rett at vi investerer meir neste år, enn vi har gjort dei siste åra. Men det kan blant anna forklarast med at ikkje alle som var planlagt no i år vart gjennomført. Det gjeld til dømes rehabiliteringa av Høyanger samfunnshus, som blir største enkeltinvesteringa neste år, seier rådmann Kjellaug Brekkhus om framlegget til 2020-budsjett, som ho presenterte i lag med økonomisjef Ingvar Linde og leiarane for dei ulike tenesteområda tysdag.

Men auka investeringar betyr også auka lånegjeld for kommunen, som allereie betalar rundt 20 millionar kroner i årlege avdrag.

– Når lånegjelda aukar, blir også avdraga høgare. Så vi kan ikkje berre investere framover om det kostar oss dyrt, seier ho til Ytre Sogn.

Når det gjeld investeringane som no er gjort framlegg om er, som nemnt, Høyanger samfunnshus den største. Administrasjonen har føreslått å setje av 11,65 millionar kroner neste år, og 18,8 millionar kroner i økonomiplanen det påfølgjande året.

– Ei anna, stor investering som er føreslått neste år er 7,0 millionar kroner til rehabilitering av garderobane i Høyangerhallen. Det vart ikkje gjort i samband med utskiftinga av taket no i år, seier Brekkhus.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord