Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

- Eit titals tilsette frå tenesteområda Oppvekst, Kultur og folkehelse og Drift og vedlikehald har til no fått mellombelse arbeidsoppgåver innanfor Helse og omsorg, seier rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger.

Rustar seg for auke i koronasmitte

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 19. mars 2020

For å stå endå betre rusta til å handtere koronasituasjonen, omdisponerer Høyanger kommune no personalressurser frå alle tenesteområde til Helse og omsorg. Rådmann Kjellaug Brekkhus er imponert over arbeidet som vert lagt ned.


– Eit titals tilsette frå tenesteområda Oppvekst, Kultur og folkehelse og Drift og vedlikehald har til no fått mellombelse arbeidsoppgåver innanfor Helse og omsrog, seier rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger.


Ho viser til at som følgje av nedstenginga av skular og barnehagar og andre tenester i kommune så er det høve til å nytte personalressursene til andre oppgåver kommunen måtte ha behov for å få utført.


- I den situasjonen vi no er i gjeld det framfor alt Helse og omsorg, seier ho. 



Alle tjenesteområde i kommunen vert difor bedne om å tre støttende til med omsyn til behova som Helse og omsorg har.


- Vi treng dei til mange ulike oppgåver, frå helsetenester og reinhald, til transport og kontakt med publikum. Dette for å sikre at vi har nok personell i Helse og omsorg til å handtere situasjonen vi no er oppe i når det gjeld koronaviruset, seier Brekkhus. 


Akkurat no har dei bemanning nok, sjølv om fleire er i karantene. Men det kan raskt endre seg, påpeikar ho.



– Vi jobbar etter«føre var»-prinsippet, slik at vi har gjort sidan krisestaben vart sett i førre veke. Vi må sikre at vi har nok tilsette om situasjonen skulle endre seg drastisk, det vil seie at fleire blir sett i karantene eller isolasjon. 



Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn! 


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord