Høyanger kommune kan gå frå 15 til 5 mill kr i året


Over 70 ordførar har i løpet av ei veke signert eit opprop om at vertskommunane må få ein større del av verdiskapinga i havbruksnæringa.

- I toppåret 2018 fekk vi 80 prosent av sals- og auksjonsinntektene til næringa, det vil seie nærmare 15 millionar kroner, gjennom Havbruksfondet. Får regjeringa det som den no vil, vert det redusert til 25 prosent, eller rundt 5 millionar krone. Det meiner vi er altfor lite, seier ordførar Petter Sortland (Ap) i Høyanger til Ytre Sogn.



Han er ein av i alt 70 ordførarar i havbrukskommunane som har signert oppropet, som no er sendt regjeringa.

Det same har kollegaene Hallvard Oppedal (Sp) i Gulen og Kjell Eide (Ap) i Hyllestad. 



- Dette er viktige midlar for kommunen, ved at dei blir omfordelt til tenesteprodokusjon innafor store, tunge område som helse og omsorg og oppvekst. Ja, dei gjer at vi kan tilsette fleire lærarar, fleire sjukepleiarar, seier Høyanger-ordføraren.



I revidert nasjonalbudsjett har nemleg regjeringa foreslått å innføre ei produksjonsavgift på 40 øre per kilo produserte laks, aure og regnbogeaure frå 2021. Dette skal utbetalast til kommuner og fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet frå 2022. 



Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!