Høyanger kommune følgjer Hydro sitt eksempel


-Ved å kontre Hydro sitt initiativ i høve koronasituasjonen er tanken å kunne nå ut med kompensasjon til lokale kulturføremål i heile kommunen, seier ordførar i Høyanger kommune Petter Sortland.

Etter å ha fått overrekt ein gåvesjekk på 400 000 kroner frå Hydro Høyanger som vart øyremerka idretts- og kulturføremål i lokalsamfunnet som har fått store utfordringar som følgje av Covid-19 pandemien for ei tid tilbake, ønskte ordførar Petter Sortland at Høyanger kommune følgde same eksempel.

-Eg tok eit politisk initiativ overfor mine politiske gruppeleiarar Einar Rysjedal (Raudt), Geir Helge Østerbø (Sp), Monica Sunde Tjønnås (H) og Tanja Strandheim (Sv) der alle var svært positive og kom fram til at kommunen ønsker å svare Hydro ved å løyve same sum på 400 000 kroner til lokale koronatiltak. Etter at ei arbeidsgruppe beståande av underteikna, representantar frå Hydro Høyanger, tenesteområda Kultur og folkehelse og Plan og utvikling, samt leiaren i ungdomsrådet, har jobba med dette har Hydro Høyanger og kommunen har vi blitt einige om at pengane skal gå til Utval for kultur og folkehelse, der felles prioriteringar for midlane er:
  • Å kompensere dokumenterte tapte eller mista inntekter grunna Covid-19 til lag – og organisasjonar i Høyanger kommune
  • Gode fritids – og kulturføremål der barn og ungdom vert prioritert.
Frå Hydro sine folk var ønskje at prosjekt som synte igjen var dei som skulle prioriterast. Etter å ha rådført seg med oss har fleire ulike prosjekt vore nemnd, som mellom anna; eit sti-prosjekt over det myrlendte område opp mot toppenhytta i Høyangerfjellet, oppsett av eit offentleg toalett på Austreim og oppgradering av barneskitrekket på Siplo, seier han.

Sortland fortel at ulike kulturføremål som til dømes kor og korps kan sende inn søknad.

-Vi har prøvd å lage søknadskriteria ganske runde og greie, der søkjar må seie noko om aktivitet eller inntekt som dei har gått glipp av. Sjølv om det ikkje er riksrevisjonen som skal sjå på dette så er det viktig å få alt dokumentert, fordi det i etterkant skal rapporterast kva pengane er brukt til.

Rapporteringskrav er kort skildring av tiltaket, enkelt budsjett, stadfesting på utført tiltak, eventuelle avvik frå budsjettet, frist for rapportering mai 2021.

- Ved å kontre Hydro sitt initiativ i høve koronasituasjonen er tanken å kunne nå ut med kompensasjon til så mange som mogleg i heile kommunen, seier han.

Søknadar om midlar til lokale koronatiltak kan ein sende til Høyanger kommunen. Fristen for innsending er 1. september.