Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. oktober 2019
Ytre Sogn 14. oktober 2019

Ifølgje ordførar Petter Sortland vil Høyanger kommune tape fleire titals millionar om utvalet sitt forslag blir gjennomført.

Kan tape 40-50 millionar i kraftinntekter

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 30. september 2019

– Om dette skulle bli vedteke er distriktsopprøra vi har sett til no, berre krusingar på vatnet, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).

I dag vart rapporten frå utvalet som har gått igjennom skattesystemet for norske vasskraftverk,som regjeringa har bestilt, lagt fram. I den vert det blant anna føreslått å kutte ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift, som gir kommunane direkte inntekter. Utvalet vil også endre eigedomsskatt for vasskraftverk. Utvalet føreslår i staden at kommunane sitt inntektstap skal kompenserast gjennom auka naturressursskatt.

Det får Petter Sortland og andre ordførarar i kraftkommunar over heile landet til å reagere. I dag har ialt 175 norske kommunar mellom fire og seks milliardar kroner i årlege kraftinntekter.

Kan tape 40-50 mill

– Høyanger kommune ligg an til å få 78,6 millionar kroner i inntekter frå kraftverka i kommunen i 2019. Dersom forslaget blir vedteke vil denne blir redusert til cirka 30,7 millionar kroner.
Kor mykje eigedomsskatten av kraftverka blir redusert er usikkert då alder på investeringane vil ha innverknad på verdsettinga. Men Høyanger kommune kan tape mellom 40 og 50 millionar kroner på utvalet sitt forslag.

Han kallar utvalet sitt forslag eit brot på samfunnskontrakten som låg til grunn for stortinget og kommunane sitt samtykke til utbygging av vasskraft, om at ein del av verdiskapinga skal bli igjen i lokalsamfunnet.

Ikkje nye utbyggingar

Han viser også til at mandatet til utvalet blant anna var å finne ut om skatteregimet ein har i dag er til hinder for opprusting av eksisterande anlegg og for nye utbyggingar.

– Utvalet sine konklusjonar og tilrådingar er i alle fall til hinder for å få til opprusting og utbygging av ny vasskraft. Det vert ikkje ein einaste kilowattime meir vasskraft dersom utvalet si innstilling blir vedteke. Når kommunane ikkje får inntekter frå vasskraftutbygging, vil kommunane setje seg i mot nye utbyggingar.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord