Høyanger kan miste frisørlinja


– Kor er fornuften i å flytte heile frisørlinja til Nordfjordeid, berre eit år før yrkesfagløpet vert omstrukturert? spør Torill Thorbjørnsen, Kristin Sagerøy Råsberg, Ingunn Eikås og Kristin Viksøy Sande ved Høyanger vidaregåande skule.

Dei er både frustrerte og overraska over tilrådinga som no kjem frå fylkesdirektør for utdanning Bekka Skaasheim om å leggje ned tilbodet Vg2 frisør ved skulen i Høyanger, for så å opprette det på Nordfjordeid. Skaasheim meiner at frisørlinja truleg ikkje vil overleve som tilbod i nye Vestland fylkeskommune, med dei låge søknadstala som har vore siste åra. Som eit forsøk på å gjere noko med dei føreslår ho difor å flytte linja til Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid, der Vg1-tilbodet design og handverk er.

Hovudutval for opplæring handsamar saka neste veke.

– Vi fekk vite om det for berre eit par dagar sidan, og må seie at det kom heilt uventa. Vi har vore førebudde på at det kunne skje noko i samband med ny tilbodsstruktur for yrkesfag, når design og handverk vert delt i to; design og tradisjonshandverk og frisør, -blomster- og interiørdesign. Men ikkje at det skulle kome no. Ja, vi er forundra over tidspunktet det skjer på, og hadde ikkje trudd at det skulle brukast ressursar på det no, berre eitt år før det likevel blir ny struktur. Ein burde sjå korleis den blir før ein gjer noko, seier rektor Torill Thorbjørnsen, avdelingsleiar Kristin Sagerøy Råsberg og frisørlæarane Ingunn Eikås og Kristin Viksøy Sande ved Høyanger vidaregåande skule.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!