Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. november 2018
Ytre Sogn 18. november 2018

Høyanger (biletet) er utpeika til ein av tre nye bu-, arbeids- og serviceregionar (BAS) i fylket, saman med Årdal og Dale. (Foto: Mohanned Galal)

Høyanger kan få senterstatus

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 30. januar 2018

Høyanger er, saman med Årdal og Dale, utpeika som eit av tre nye bu-, arbeids- og servicesenter (BAS) i fylket.

Det vedtok eit samrøystes fylkesutval då Strategiplan for tettstadutvikling og senterstruktur og vart handsama i førre veke. Planen er utarbeidd for å styrke tettstadane i Sogn og Fjordane, og utvikle sterkare bu,- arbeids- og serviceregionar (BAS), med såkalla BAS-senter. I framlegg til retningsliner for planen låg Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn, Måløy og Sandane inne som senter i BAS-regionar.

Ordførar Petter Sortland i Høyanger meiner at statusen som BAS-senter viktig for kommunen hans.

– Det seier blant anna noko kven som skal få ei fylkeskommunal satsing lagt til seg, det vere seg nye offentlege arbeidsplassar, knutepunkt rundt samferdsle, eller anna viktig infrastruktur, seier Sortland til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord