Høyanger har fått nytt ungdomsråd


Høyanger kommune sitt nye ungdomsråd er i gang med arbeidet sitt.

For ifølgje ny kommunelov skal alle kommunar og fylkeskommunar opprette eit ungdomsråd, eit krav frå regjeringa som vart sett i kraft hausten 2019. Rådet skal vere ungdomen sitt talerøyr overfor politikarar og avgjerdstakarar, og ha ei rådgjevande rolle for kommune og fylkeskommune.

– Nytt er det også at ungdomsrådet skal vedtakast i kommunestyret. Den formelle biten av rådet som allereie er vald, vil finne stad på Høyanger kommunestyre sitt første møte den 12. mars. Ungdomane i rådet som består av elevar frå ungdomstrinnet til vidaregåande får opplæring i politisk arbeid, habilitet og om korleis ein lede eit møte. Dei har tidlegare fått møte ordførar Petter Sortland som blant anna fortalde dei om kommuneadministrasjonen og korleis det politiske systemet fungerer.

Det seier Kine L. Gunnarskog, som er kulturmedarbeidar og folkehelsekoordinator i Høyanger kommune.

20 000 i tilskot

For ein del år tilbake hadde dåverande ungdomsråd ein tilskotspott som dei disponerte. Etter at ordninga i fleire år har vore borte ønskte det nye ungdomsrådet å få dette vurdert på nytt.

– Vi oppretta difor ei sak som vi sendte til ordføraren der vi la fram eit ønskje om å få ordninga tilbake. Han tok dette vidare til kommunestyret som var positive til dette, som gjorde at vi no har fått eit tilskot på 20 000 kroner. Jobben vidare vil bli å finne ut korleis vi skal disponere dei på best mogleg måte. Noko som vil bli diskutert grundig før vi gjer eit endeleg vedtak, fortel leiar i ungdomsrådet, Ariana Rasdal, til Ytre Sogn..

For høgast på agendaen til ho og dei andre i rådet er å jobbe for å få til eit godt ungdomsmiljø i kommunen.

– Førebels har vi ingen konkrete saker, men det vil nok kome etter kvart. Men vi ønskjer også at folk tar kontakt med oss dersom dei har saker dei meiner vi burde ta opp, seier leiaren.

Ariana Rasdal og Rune Dale Ullebø er leiar og nestleiar i Høyanger ungdomsråd .