Høyanger har fått nytt treningstilbod


Anne-Karin Mortveit satsar no fulltid som personleg trenar. Tysdag denne veka opna ho sitt eige treningssenter i Høyanger.

– Eg har gått og tenkt på å starte for meg sjølv heile det siste året. Det har jo alltid vore draumen – å ha mitt eige treningssenter. Eg sto for så vidt ganske fritt også hos Elite Gym i Høyanger, der eg inntil nyleg var personleg trenar. Men no tek eg avgjerdene sjølv, utan å måtte konferere med andre. Det gjer alt mykje lettare, seier Anne-Karin Mortveit til Ytre Sogn.

Kake høyrer med når det er opning, sjølv på eit treningssenter. Kake høyrer med når det er opning, sjølv på eit treningssenter.

Det nye treningssenteret er i kjellaren hennar i Elvegata i Høyanger. Namnet er – passande nok – «Et lite gym».

– Det er ikkje større enn at det berre er plass til to—tre–fire personar kan trene om gangen. Er det fleire, blir det fort kø, og då blir ikkje treninga like effektiv. No kan til dømes to halde på med styrke, medan to andre trenar kondisjon, seier ho, men legg til at det er mogleg å utvide i kjellaren om det skulle vere behov for det.

Trenar på fulltid

– Eg har i alle fall fått inn det eg treng av utstyr, som tredemølle, romaskin, spinningsykkel, knebøyrack og frivekter, seier Mortveit og fortel at det er sponsa av privatpersonar, noko ho er takksam for.

Elles har ho også planar om andre tilbod hos «Et lite gym», som utandørs «bootcamp».
– Det blir også tilbod om «tabata», som handlar om å trene både styrke, kondisjon, spenst og balanse i ei og same økt. Det føregår innandørs, seier ho.

Mortveit fortel at ho sjølv kjem til å vere på treningssenteret i Høyanger to dagar i veka – måndag og fredag. Dei tre andre er ho i Førde, der ho jobbar som personleg trenar hos Puls.

– Til no har eg også hatt fast jobb som optikarassistent her i Høyanger, men den har eg sagt opp nettopp for å kunne bruke all tida mi på trening, seier ho, men understrekar at treningssenteret i Høyanger vil vere ope alle dagar sjølv om ho ikkje er der.

– Det får eg til ved å ha eit eige nøkkelsystem, seier ho.

Les meir om Mortveit si vurdering av marknaden i papiravisa.