Høyanger for alle!


"No, under korona, når mange har hatt det vanskeleg, kan desse personane ha hatt det ekstra tøft mtp. psykiske problem og einsemd. Difor må vi vise ekstra støtte til pride i år", skriv Tea Volle i innlegget sitt.

Helga 12. – 14. juni vert SoFjo pride arrangert. Det er ei viktig markering på mange måtar, sjølv om den no går digitalt. Pride markerer eit mangfoldig samfunn med plass til alle, noko som er kjempeviktig for Høyanger og for verda.


Verda skal vere for alle, inkludert skeive. Diverre er ikkje det stoda i dag. I Polen har over ein tredjedel av landet erklært seg «frie for LHBT-propaganda» og i fleire land er det dødsstraff for homofili. I Noreg er vi kome lengre i utviklinga, men framleis ikkje langt nok. I Noreg har rundt 20 % av LHBT-personar opplevd å verte utsette for hatytringar.


Difor treng vi framleis pride, også i Noreg. Pride er ei markering av mangfaldet av kjønnsuttrykk, seksualitet, identitet og legning, samstundes som det er ein måte å vise solidaritet med dei som har det vanskelegare enn ein sjølv. Dette er noko SU og SV kjempar hardt for. Som tidligare nemnt er retten til å vere seg sjølv under sterkt press fleire stader i verda, og difor må vi kjempe. Vi må kjempe heile året, samstundes som vi treng ei markering med ekstra fokus på denne problematikken. Alle skal kunne vere seg sjølv, utan å frykte noko. Difor er det viktig å arbeide for rettane til skeive og vise at dei har ein like sjølvsagt plass i samfunnet som alle andre.

Små plassar som Høyanger der «alle kjenner alle» har fordelar, men også ulemper. Det kan vere vanskelegare å vere og stå fram som skeiv i eit lite samfunn og ein kan føle seg åleine. Difor er det ekstra viktig at vi som samfunn og sambygdingar står opp for desse personane og viser respekt og toleranse for alle. No, under korona, når mange har hatt det vanskeleg, kan desse personane ha hatt det ekstra tøft mtp. psykiske problem og einsemd. Difor må vi vise ekstra støtte til pride i år og vise at alle er velkomne i samfunnet. Høyanger skal vere ein stad for alle.