Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mai 2019
Ytre Sogn 25. mai 2019

Høyanger-elevar streika for klimaet

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 15. mars 2019

-Vi streikar fordi vi bryr oss om klima og miljø og vi vil vise politikarane kor viktig denne saka er, seier elevar og initiativtakarar Kristine Ølmheim og Andrea Øren til Ytre Sogn.

Fredag 15. mars var nemleg den internasjonale dagen for å streike for klima og miljø, og fleire tusen skuleelevar i over 40 land deltok for å vise engasjementet sitt i høve til utfordringa verda står ovanfor. Og med plakatar og slagord gjekk rundt 50 elevar ved Høyanger vidaregåande i demonstrasjonstog frå skulen og ned til Høyanger sentrum for å slå eit slag for klima – og miljøsaka.

– Det er ei av dei største utfordringane vi har i verda i dag, og vi vil vise at vi som er den framtidige generasjonen bryr oss om miljøet, fortel elevar og initiativtakarane Kristine Ølmheim og Andrea Øren.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord