Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. august 2018
Ytre Sogn 20. august 2018

– Utan desse 700.000 kroner hadde vi ikkje hatt moglegheit til å bytte ut den gamle tankbilen, seier Olav Nordgulen (t.h.) og Aksel Svarstad i brannvesenet i Høyanger, og er nøgde med at vegvesenet har løyvd midlar til føremålet.

Får 700.000 kr til ny tankbil

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 13. mars 2018

– Dette vil ha mykje å seie for beredskapen i kommunen, ikkje minst i dei mange tunnelane vi har, seier Olav Nordgulen og Aksel Svarstad, som begge er med i brannvesenet i Høyanger, til Ytre Sogn.

Nyleg kom beskjeden om at dei får 700.000 kroner i tilskot frå Statens vegvesen til å bytte ut tankbilen Høyanger Brannvesen har i dag, noko dei har etterlyst i fleire år.

– Den byrjar å nærme seg 30 år, og det merkar vi både på framkommelegheit og køyreeigenskapar. Motoren i bilen er liten, og den slit med å komme opp i fart, noko som er viktig når vi har utrykking til brann og andre redningsoppgåver. Så den er meir enn klar for å byttast ut, seier Aksel Svarstad, brannvernleiar hos Hydro, som driftar brannvesenet i Høyanger og stiller mannskap for kommunen.

– Den kan også vere utfordrande å køyre for mannskap som ikkje er så vande med bilar av den storleiken, i alle høve ikkje i det daglege, legg han til.

Olav Nordgulen, brannsjef i Høyanger, peikar på at tankbilen er viktig ikkje minst i høve til beredskapen i dei mange tunnelane i kommunen, der ein ikkje har tilgang på vatn.

– Det å ha ein ny, meir funksjonell tankbil betyr at vi får vatn på det som er definert som særskilte brannobjekt mykje tidlegare.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord