Høyanger blir pilot for nytt system


Hydro sin fabrikk i Høyanger har blitt vald til å vere testpilot for eit nytt kontroll- og styringssystem, som dei har utvikla til teknologipiloten dei byggjer på Karmøy

Det nye kontroll- og styringssystem er sentralt i Hydro sitt arbeid med å redusere energiforbruk og utslepp frå elektrolyseprosessen. Hydro Høyanger har altså blitt vald til å vere testpilot for dette systemet, og nyleg vart dei første cellene oppgradert med den såkalla HAL4000-teknologien.

– Dette er ein viktig milepæl for oss. HAL4000-systemet mogleggjer betre og meir presis kontroll av prosessane i elektrolysecellene, seier fabrikksjef Stian Tangen ved Hydro Høyanger til Ytre Sogn.

Det nye systemet er utvikla på Hydro sitt referansesenter i Årdal, og no er altså fabrikken i verket i Høyanger vald ut til å teste det ut i ordinær drift.

– I løpet av neste år vil systemet bli rulla ut til resten av verket – det vil seie alle 80 cellene – og etter kvart også til fleire av dei andre Hydro-fabrikkane, seier han om det som er ei investering på fleire millionar kroner.

–Satsar på Høyanger

– Verket i Høyanger er lite, og difor er vi også avhengige av å vere i spissen både når det gjeld kontinuerlege forbetringar og utvikling av teknologi. Samstundes er verket også oversikteleg, har ein god struktur og ein moden organisasjon. Difor blir vi gjerne vald til pilotar, seier han og nemner den nye støypeteknologien AFM («Adjustable flexible moulds», red.merkn.) som døme.

– Så det er ei tillitserklæring at vi no er vald som pilot igjen, seier Tangen.

Han nemner også investeringa i ny likerettar til som Hydro vedtok tidlegare i år, for å sikre straumforsyninga til fabrikken i Høyanger.

– Investeringane i ny og framtidsretta teknologi viser at Hydro satsar på Høyanger, seier han og meiner at presisjon vil vere eit nøkkelord på verket i tida framover, når dei skal teste ut det nye kontroll- og styringssystemet.

– No skal vi bevise at vi klarar å leve opp til forventningane som er retta mot oss, og då er presisjonskultur viktig, seier Tangen.