Høyangbjørn MC inviterte til jubileumsfest


I år er det 40 år sidan Høyangbjørn MC vart stifta. Då klubben inviterte til jubileumsfest på Norevik denne helga møtte 350 opp for å vere med.

Høyangbjørn MC har treff på Norevik kvart år, men i år var det ekstra stas då klubben rundar 40 år. Ytre Sogn møtte tre av medlemmane, Andor Milde, Tor Erik Pedersen og Knut Magne Bjorøy i «storehuset» laurdag.

–Det starta i 1979. Då som ein klubb for alle som hadde ein moped eller ein motorsykkel. Korleis merke dei køyrde spelte ingen rolle, og på det meste var det omlag 50 medlemmar i klubben. No er det berre Harley Davidson syklar som tel og medlemstalet er 31, seier Pedersen.

–Det var Johnny Nygård som teikna logoen det året, og i grove trekk har vi heldt oss til den, legg Milde til.

No treng Høyangbjørn MC meir plass. På Dale er plata støypt og denne veka startar arbeidet med utbygging av dei ekstra lokala.

–Nye 70 kvadratmeter vil kome godt med, seier Bjorøy.

Les meir om jubileet i siste utgåva av Ytre Sogn tysdag

René Emmerling og Anja Kropf, frå Tyskland, var attende for å feire saman med Høyangbjørn MC.