Høyang Vocalis dreg på turné


I mars månad dreg Høyang Vocalis på turne i Høyanger kommune. Omlag 20 medlemmer gler seg til å reise omkring for å synge til folk.

– Vi vil skape glede, seier dirigenten for koret, Anita Nordheim.

– Glede for oss og glede for publikum! Tre søndagar i mars vil songen ljome i fem kyrkjer og eit bedehus.

Søndag 4. mars blir Ortnevik kyrkje første stoppestad for dei songglade damene frå Høyanger. Sidan får Bjordal, Kyrkjebø, Lavik og Vadheim besøk, før turnen vert avslutta i Høyanger kyrkje 18. mars.

Gospelkoret i Høyanger vart starta i 1994. Sidan har det eksistert i ei eller anna form i omlag 20 år. (Foto: Privat)

Alle kyrkjene

Det var Anita Nordheim som starta opp gospelkoret i Høyanger i 1994. Sidan har det eksistert i ei eller anna form i omlag 20 år. Eit par års pause vart det når ho budde i Sogndal.
– Vi har vore på turnear før, åleine og samen med artistar. Men å reise rundt til alle kyrkjene og bedehus i kommunen har vi aldri gjort før. På sørsida av Sognefjorden har vi ikkje vore med songen, så akkurat det gler vi oss veldig til. Seks konsertar på tre søndagar blir stilig, seier Nordheim.
– Vi er så heldig å få med oss pianist Harald Dahlstrøm på konsertturneen. Vi skal synge over 15 songar, og det trur eg ikkje vi har gjort før på ein konsert.

Ho fortel at det ligg nokre timar med øving bak.

Reint damekor

– Vi har plukka fram att nokre av songane som vi har brukt gjennom desse 20 åra, men no i eit nyare arrangement i og med at vi er eit reint damekor. Det har vi vore dei siste åra. Vi var eit blandakor før, men det var for få menn til slutt, seier ho.

Kultursjefen har dirigert koret på dugnad, og seier at det har vore eit fint hobbyprosjekt. Høyanger Vocalis har alltid hatt eit styre, og no er det Stine Baumann som er leiar. Koret er samansett av damer som likar å synge og halde konsertar, og alle gler seg til dei som no kjem.

– Vi får håpe at mange kjem og høyrer på oss. Vi har vore veldig heldig tidlegare. Det har nesten vore fulle hus kvar gong for Høyanger Vocalis. Så ei stor takk til alle som har kome på konsertane våre gjennom 20 år. Vi håpar at dei kjem denne gongen også, seier Nordheim.

Turneplan:

4 mars :

Ortnevik kyrkje

Bjordal kyrkje

11 mars:

Kyrkjebø kyrkje

Lavik kyrkje

18 mars:

Vadheim bedehus

Høyanger kyrkje