Høyang tok tre viktige poeng


Det vart ein spennande fotballkamp mot Florø 2 på Sletta, og endeleg var marginane med A-laget. Høyang vann 2-1 etter skåringar av Jacob Frøyen Bergset (straffe) og Michael Hansen Våge.

Magekjensla til trenar Leif Arne Tveit tek sjeldan feil. Han spådde ein tett og jamn kamp, og det vart det. Gjestane frå Florø hadde ballen mest, men skapte ikkje store vanskar for Høyang-målvakt Kristian Raae Johansen i 1. omgang. Heimelaget hadde meir brodd i angrepsspelet og skapte den eine store sjansen etter den andre, men ballen ville ikkje inn i mål. Publikum lurte nok på om det skulle bli nok ein kamp der laget berre sløste med sjansane

Les meir om kampen i siste utgåve av Ytre Sogn!
Robert Alrek runda heile 200 kampar for moderklubben, og fekk blomster av fotballformann Tore Ytredal før avspark.

Michael Hansen Våge auka til 2-0 etter 64 minutt.