Høyang tilbake på vinnarsporet


Etter eit par tøffe kamper mot Jotun/Årdalstangen, som begge enda med tap, var damelaget til Høyang tilbake på vinnarsporet når Florø 2 gjesta Høyangerhallen. Med resultatet 29-28 vart begge poenga att i Høyanger.

Ein kanonstart frå heimelaget overrumpla gjestane fullstending. Siv Ølmheim opna skåringskontoen, og fekk med seg Agnete Hjelmeland Ørnehaug og Sunniva Gudvangen Trollebø på lista før ein våken Lisbeth Hovlandsdal Øvreås slo til med dobbeltredning av høg klasse. Det tok nesten seks minutt før Florø 2 fekk sitt første mål. Då stod det allereie 4-0 til Høyang i protokollen.

Les meir om kampen og om G14 sin kamp not Florø i papirutgåva fredag

 

https://www.youtube.com/watch?v=Oh9iulCZ4YI&t=13s