Høyang tapte første KM-finalen


Det vart tap 0-4 mot Sogndal 1 i den første av KM-finalane for G15/17 laurdag.

Dermed ser det vanskeleg ut for Høyang i returkampen søndag om vel ei veke.



Heimelaget opna best, men kampen jamna seg ut etter kvart. 



Og det var bortelaget som skåra det første målet etter 20 minutt, etter at Eirik Råsberg hadde fått gult kort og vart henvist til benken i tre minutt. Det påfølgjande frisparket til Sogndal sette Lidvin Berge Hestetun rett i mål.

Same Råsberg fekk sitt andre gule - og dermed raudt kort - ti minutt seinare. Etter det fekk Høyang det vanskeleg mot laget frå indre Sogn, sjølv om også dei hadde sine sjansar. Blant anna hadde Nikolas Gudvangen Trollebø - for øvrig ein plage for Sogndal 1 gjennom omgangen - ein stor sjanse like etter utvisinga. 



Men det hjalp ikkje. I andre omgang skåra bortelaget tre mål til; Quseiy Maritah etter 46 minutt, Erik Hovden Flataker etter 71 minutt og Viljar Stavø etter 80 minutt.




-Vanskeleg utgangspunkt

Ifølgje trenar Marius Varden Fossen starta dei kampen bra, men det raude kortet endra alt.



- Det første gule kortet aldri skulle vore frispark, og då hadde vi samtidig unngått 0-1 målet. Men når det skjer, spelar vi heilt greit etter forholda. Vi klarer å skape nokre få sjanser og det er vår eigen feil at vi ikkje skårar på dei. Men det er vanskeleg med ein mann mindre på bana, og det renn på bakover i periodar, seier han til Ytre Sogn etter kamoen.



Om returkampen i Sogndal neste søndag seier han at dei no har eit veldig vanskeleg utgangspunkt.



- Men vi gir oss ikkje heilt enno.


Nikolas Gudvangen Trollebø var ein plage for Sogndal gjennom første omgang..