Høyang suverene i seriefinalen


Høyang tok kommandoen frå start borte mot Syril, og feide over heimelaget i opningsminuttane av seriefinalen. Etter sju minutt stod det 0-2 på tavla etter at Tommy Værøy og Sindre Ulvestad hadde skåra kvart sitt mål.

Med sluttresultatet 2-5 vart Høyang krinsmeister i 5. divisjon. Laget til hovudtrenar Leif Arne Tveit gjekk rett i strupen på vertane og viste tidleg at dei ikkje hadde senka fokuset etter at opprykket til 4. divisjon var klart. Laget spelte flott fotball langs bakken og Syril hang rett og slett ikkje med på leiken.

Les meir om tittelkampen i Ytre Sogn fredag

Sindre Ulvestad gjekk opp på ein corner frå Michael Våge og nikka den kontant i mål. Jacob Bergset gler seg over 2-0 leiing tidleg i kampen.