Høyang slo Bækkelaget


Etter å ha gått på tap i første kampen i Norway Cup, reiste Høyang sitt J13/14 -lag seg i den andre.

Mot Bækkelaget, som spelte på heimebane, vann dei 2-1.

- Det var ein ganske jamn kamp, der det lenge stod 1-1. Men så greidde vi å setje inn 2-1-målet berre tre-fire minutt før slutt, og tok dermed alle tre poenga. Det var nok vi som orka mest i varmen, seier Kjell Erik Olsen, laget sin trenar, til Ytre Sogn.

Målskårarar for Høyang sitt J13/14-lag var Vilja Stølen Kammonen og Anna Strandos Måredal.

I den første kampen, som gjekk søndag, tapte dei 6-0 mot Osterøy.

- Då møtte vi eit betre lag, og det var fortent at dei vann, sjølv om vi nok kunne ha fått eit par mål, vi også, seier han.

Tredje - og siste - kamp i gruppespelet er tysdag ettermiddag. Då står Herd på motsett banehalvdel.

- Den er heilt open. Herd slo Osterøy, som vi tapte mot i første kampen, 5-2 i dag. Så det må ha skjedd noko i den kampen, utan at eg veit kva, seier Olsen og viser til at Herd berre greidde uavgjort 1-1- mot Bækkelaget, som Høyang altså slo i dag. Høyang ligg no på 3.plass i gruppa med tre poeng, som er like mange som Osterøy på 2.plass har. På 1.plass ligg Herd, som Høyang møter tysdag, med fire poeng.

Dei som er med på Høyang sitt J13/14-lag er: Jenny Østerbø Breidvik, Stina Olsen, Emma Finden, Anna Strandos Måredal, Kristine Fureli Kvikne, Vilja Stølen Kammonen, Tiril Aaland Engen, Guri Klævold, Besrat Samson, Marie Olsen, Amani Ramon og Ariana Rasdal.