Høyang sitt gutelag til KM-finale


Gutelaget til IL Høyang er klare for KM-finale, etter å ha slått Stryn heile 6-3 på Sletta i ettermiddag.

Heimelaget leia 3-1 til pause.

- Eg synest vi gjennomfører ein ekstremt god kamp, der vi gjer nøyaktig det vi skal. Det gav resultat, seier trenar Marius Varden Fossen i ein kommentar til Ytre Sogn etter kampen.

Han rosar innsatsen spelarane la ned ute på matta denne ettermiddagen.

- Det er stort for eit lag frå Høyanger å kome til ein KM-finale, seier han.

No ventar Sogndal 1 i finalen, etter at dei slo Førde 2-6 i Hafstadparken tidlegare i veka.

Ifølgje Varden Fossen møtest dei i to oppgjer, eit heime og eit borte.

- Og då går de for siger?

- Naturlegvis! Vi er ein gjeng med vinnarar!



Målskårarar for Høyang var Magnus Kyrlkjebø (2), Nikolas Gudvangen Trollebø (2), Jonathan Østerbø Breidvik og Gaute Virkesdal Bråstad.

Trenar og spelarar spring jublande over bana etter at kampen er blåst av.