Høyang sikra opprykk


Høyang vann 4-0 heime mot Anga, sikra opprykk til Kretsligaen og overtok samstundes leiinga i divisjonen.

Det vart ein fin måndag for fotballbygda Høyanger etter at det var klart at A-laget var tilbake i Kretsligaen på første forsøk. Trenarane har gjort ein imponerande jobb med laget, og ingen andre lag har klart å legge kjeppar i hjula for dei så langt denne hausten. Når Høyang møter Syril i neste kamp, er det heilt opp til aluminiumsgutta å forsvare stillinga på tabellen - og vinne serien også.

Les meir i Ytre Sogn