Høyang makta ikkje å skåre


Eit svært effektivt Jotun-lag senka Høyang-damene fredag kveld. I ein vindfull og sjansefattig fotballkamp på Sletta skåra gjestane tre mål på fire sjansar og vann med det 0-3.

Charles Darwin sa: «Det er ikkje dei største og sterkaste som vinn, men dei som omstiller seg raskast». Ingen var raskare til å omstille seg enn vesle, store Malin Solem på Jotun. Mange var større og sterkare, men ingen frå Høyang kom forbi midtstopparen frå aluminiumsbygda inst i fjorden denne kvelden.

Les meir om kampen i dagens Ytre Sogn

Linn Fjæren fekk blomster for 150 spelte kampar for IL Høyang.