Høyang-jentene kom til 8-delsfinalen


Høyang sitt Jenter 13/14-lag tok seg heilt til 8-delsfinalen i B-sluttspelet i Norway Cup. Der vart Krødsherad for sterke, og vann 2-1.

- Men det var ein jamn kamp heilt inn, og det kunne gått begge vegar, seier laget sin trenar, Kjell Erik Olsen, til Ytre Sogn etter kampen onsdag ettermiddag.

- Vi hadde litt uflaks på ein corner, og dei skåra 2-1 målet berre 30 sekund før slutt, seier han.

Høyang sitt mål vart skåra av Besrat Samson.

Til B-sluttspelet

Dagen før vart det tap 6-1 mot Herd i siste kamp i gruppespelet, og Høyang-jentene enda med det på tredje plass. Dermed vart det B-sluttspel og 16-delsfinale, som gjekk onsdag morgon.

- Herd var kanongode i siste kampen i gruppespelet, og leia 4-0 ved pause. Dei sprang oss i senk. Men vi løfta oss i 2.omgang. Då skåra dei to mål og vi eitt, ved Kristine Fureli Kvikne, seier Olsen til Ytre Sogn.

Onsdag morgon venta Berlevåg i første kamp i sluttspelet, og den enda med 3-0-siger til Høyang.

- Jentene spelte godt og vann fullt fortent, seier trenaren om den kampen.
Målskårarar for Høyang var Tiril Aaland Engen, Anna Strandos Måredal og Kristine Fureli Kvikne.

Skryt av jentene

Men i 8-delsfinalen mot Krødsherad vart det altså stopp.

- Vi er uansett godt nøgde med turneringa, der både å spele fotball og ha det sosialt i lag har vore viktig. Dei har vore ein kjempegjeng å vere på tur med, utan noko tull. Det må du få med, seier Olsen.

Då vi snakka med han onsdag kveld gjorde dei seg klare til å returnere til Ekeberg for å sjå på kampen med eit Gutar 14-lag frå Molde-traktene som bur på same skule under turneringa, og som dei har blitt kjende med.

- I morgon blir det besøk på Tusenfryd, før turen går heimover fredag, seier Høyang-trenaren