Høyang enda på 6.plass


Høyang tapte 3-5 for Tornado Måløy i årets siste kamp i 4. divisjon. Dermed enda laget på ein sjetteplass.

Med så mange mål vart det stor underhaldning på Sletta fredag kveld. Før kampen var stoda den at Høyang kunne bli alt frå nummer 4 til 7 på sluttabellen. Høyang skårar mange mål, men når ein skårar tre på heimebane og likevel taper er det sjølvsagt eit resultat av heller dårleg forsvarsarbeid. Den tendensen har vore der i heile haust.

Det var stor innsats heilt frå start, og begge laga synte stor vilje til å angripe. I periodar i den første halvtimen vart det mange pasningsfeil, det var nok eit resultat av stor vilje og eit tempo ein ikkje hadde full kontroll over.
0-1 kom etter ni minutt, og det var eit resultat av godt angrepsspel frå Tornado Måløy. Tor Åge Evensen avslutta med eit kanonskot, det målet var det ikkje lett å forsvare seg mot.

Men heimelaget burde ha teke leiinga alt etter fire minutt. Joakim Sjøthun Måren fekk ballen i litt spiss vinkel, og skotet gjekk rett på målmannen. Returen hamna hos Thomas Dyrrdal som prøvde lobbe ballen over keeper. Det enda med eit hjørnespark som Sander Olsen nikka over frå god posisjon.

Etter 18 minutt fekk vi sjå svært bra Høyang-spel. Joakim S. Måren snappa ballen frå ein motstandar. Gjekk til dødlinja og la ein utruleg bra pasning til Thomas Dyrrdal som leverte ein dårleg avslutning. Ein kjempeprestasjon av Joakim.
–Den hadde Suen skåra på sjølv om han berre har ein fot, var kommentaren til Tornado Måløy-trenar Jon Georg Rutledal.

Les meir i papirutgåva av Ytre Sogn!