Høyang-damene vann KM Futsal


Anja Pettersen leia damelaget til IL Høyang til siger i helgas KM Futsal. Etter mange spennande kamper i Førdehuset slo dei til slutt Stryn i finalen etter straffesparkkonkurranse.

–  Eg er strålande nøgd med at vi klarte å vinne KM Futsal. Vi vart vinnarar i ei sterk pulje, seier Anja Pettersen.
– Vi var veldig solide bakover på bana og slapp berre inn to spelemål, totalt tre med straffesparkkonkurransen.

Les meir i Ytre Sogn tysdag