Høyang banka Førde 2


Endeleg vann Høyang ein fotballkamp att. Måndag knuste dei Førde sine nestbeste med solide 7-4 på Sletta.

Men plassen i 4. divisjon er enno ikkje berga. Sannsynlegvis blir det berre dei sju beste som overlever. Høyang er no nummer sju.

Høyang var best i starten av kampen. Dei varta opp med nokre gode kombinasjonar og var ballsikre. Eter sju minutt fanga Andreas H. Berge opp ein pasning langt inne på Førde 2 sin halvdel. Han forserte nokre meter og la eit nøyaktig gjennomspel til Joakim S. Måren. «Joa» sette ballen i hjørnet, og Høyang haddde fått ein draumestart. Men berre fire minutt seinare utlikna Førde. Røstadbotn fek stå heilt åleine på to meter og fekk ein lett jobb.

Det skal seiast at Førde2 overtok initiativet i kampen utover i første omgangen. I denne perioden slo Høyang for mykje langt, og dermed mista dei ballen altfor lett. Ved fleire høve burde ein ha roa seg litt ned og brukt litt tid med ballen. Førde var svært nær ei leiing etter 22 minutt, men skotet traff stonga.

Det var heimelaget som tok leiinga, og det skjedde etter 27 minutt. Sverre Nesse Beckham Dingsøyr fann hovudet til Luis Maureira med eit hjørnespark på bakerste stolpe. Luis nikka ballen rett i kassa.

Berre fire minutt etter måtte Førde2 keeperen ta ein ny ball ut av nettet. Det var Joakim S. Måren som starta angrepet. Tommy Værøy starta bakfrå i stor fart. Han føretok eit langt løp og Joa slapp ballen akkurat i tide. Tommy nådde ballen før keeper og nærmast sklei han i mål. Dette var eit mål etter gode gamle Drillo sitt hjarte. Det kjem i glas og ramme dersom han får sjå det.

Les meir i papirutgåva!