Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. januar 2020
Ytre Sogn 22. januar 2020

Siv Elisabeth Bjørkehaug, avdelingsleiar ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Høyanger, og IL Høyang sin leiar, Helge Øyehaug.

Hovudsponsor for IL Høyang i tre nye år


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 20. desember 2019

Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere IL Høyang sin hovudsponsor også dei tre neste åra.

– IL Høyang er eit lag med lang historie, og banken er stolt over å få vere med på å bygge vidare på satsinga deira. Gjennom vårt sponsorarbeid ønskjer vi å vere ei drivkravt for lokalsamfunnet og bidra til at Høyanger har eit allsidig tilbod for barn og unge.


Det seier Siv Elisabeth Bjørkehaug, avdelingsleiar ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Høyanger.

Viktig aktør


IL Høyang sin leiar, Helge Øyehaug, var nyleg innom kontoret, og der vart den nye avtalen signert. Han er veldig nøgd med at banken skal halde fram med å vere hovudsponsor for idrettslaget han vart leiar for i 2019.


– IL Høyang driv med breiddeidrett og er ein viktig aktør i lokalsamfunnet. For oss er det godt å ha Sparebanken Sogn og Fjordane som medspelar. Eit tett samarbeid med planlegging og evalueringsmøter kjem til å vere til det gode for begge partar for å møte ei meir utfordrande framtid både sportsleg og økonomisk, meiner Øyehaug.


Dette er noko Bjørkehaug i banken stiller seg bak.


– Det er viktig for eit idrettslag å ha eit variert tilbod, og som Øyehaug nemner, driv laget med breiddeidrett og har såleis eit tilbod for alle, seier ho.

Gir tilbake


Bjørkehaug seier vidare at ein annan ting som er kjekt med å vere hovudsponsor for Høyang, er at banken på denne måten gir noko tilbake til alle som legg ned time etter time for idrettslaget sitt.


– Eg vil rose alle eldsjeler som jobbar gratis og ofrar mykje av fritida for idrettslaget! Dei er alle gull verdt for IL Høyang og Høyanger-samfunnet, seier Bjørkehaug.


Øyehaug set stor pris på at banken ser verdien i nettopp det Bjørkehaug nemner.


– Sparebanken Sogn og Fjordane er med på å bygge ein sikker grunnvoll i idrettslaget. Det er jo vår lokale bank, og patriotisme er eit velkjent og viktig omgrep i idretten, seier han.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord