Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mai 2019
Ytre Sogn 25. mai 2019

Einar Rysjedal (nr to f.h.) og Høyanger Raudt meiner at Hovlands kafé i Vadheim må inn på den prioriterte lista i Høyanger kommune sin kulturminneplan, i lag med kraftanlegga K1, K2 og K3, Byporten, Valhall og Sandestova. Her er han saman med partikollegaene (f.v.) Ingnn Kandal, Arild Ullebø og Randi Aven.

– Hovlands kafé må inn på kulturminne-liste

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 29. april 2019

– Hovlands kafé må inn på Høyanger kommune si prioriterte liste for kulturminne, meiner Einar Rysjedal som er gruppeleiar for Raudt i kommunestyret i Høyanger.

Kulturminneplanen som kommunestyre vedtok i 2016 gjeld ut 2019 og Rysjedal meiner at den må reviderast i god tid før året er ute.

– Gjeldande plan har ei ikkje særleg omfattande, men god beskriving av Vadheim som samferdsleknutepunkt og industristad, men ikkje noko av dette kom inn i den prioriteringa vi vedtok i 2016, seier han.

Rysjedal meiner at det offentlege fokuset som har vore på Hovlands kafé i det siste må føre denne inn på prioriteringslista.

I dag står fire kulturminne på denne lista:
1. Kraftanlegga K1, K2 og K3
2. Byporten
3. Valhall
4. Sandestova

Der meiner han også kaféen i Vadheim høyrer til.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord