Hotellsamarbeid i Sogn


I samarbeid med Visit Sognefjorden og Amazing Fjords vil Øren Hotel AS i Høyanger og 12 andre hotell langs Sognefjorden forsterke møte og arrangementsatsing for Sogn.

Management ved Øren Hotell, Siw Høyvik Øren (t.v) og Lynn-Malin Bergstrøm Fossheim seier eit av måla er å gjere Høyanger meir synleg

Med Visit Sognefjorden som prosjektleiar og Amazing Fjords operativt ansvarleg for koordinering og gjennomføring har dei som mål med fellesprosjektet å tilføre fleire møte, konferansar og arrangementsatsing til Øren Hotel AS og 12 andre hotell langs Sognefjorden. Hotella og dei andre prosjektdeltakarane skal delta aktivt i salsarbeidet og kundeoppfølging, både innafor prosjektet og gjennom salsaktivitet.

-Generelt for alle oss som er med i prosjektet er å auke konferanse-segmentet og tilby våre gjester forskjellege aktivitetar i nærområdet, helst noko dei kun får oppleve i Sogn sine fjordar. Vi ønskjer å gjere Høyanger meir synleg, for kapasiteten har vi, den har berre ikkje vore godt nok utnytta. Mellom anna har vi flott natur som er både vill og vakker, med bratte fjell og djup fjord. Ein dramatisk natur som for mange framstår som både eksotisk og spennande, seier Lynn- Malin Bergstrøm Fossheim og Siw Høyvik Øren på Øren Hotel AS.

Les meir om hotellsamarbeidet i siste utgåve av Ytre Sogn!