Hollywood-stemning i Lavik


I helga blei Lavik skule forvandla til eit ekte filmsett og deltakarar frå Høyanger, Lavik, Kyrkjebø og Hyllestad møtte opp for å lage film til UKM 2018.

-Stille på settet! Kamera klart? Skodespelarar klare? Lys... lyd... kamera rullar, og ACTION!

– Eg er uskuldig!, ropar Linn Therese Kure som spelar den hovudmistenkte i filmen.

Gymsalen på Lavik skule er blitt gjort om til eit filmsett og både regissør, skodespelarar, sminkørar og kostymedesignarar jobbar på for å lage ein best mogeleg film. Utanom eit opplyst bord i midten av salen er det heilt mørkt og dei to hovudrollane som blir spelt av Lisette Igelkjøn Hansen og Sondre Matsui-Li sit rundt bordet saman med den hovudmistenkte. Bak kamera står regissør Stig Øvreås som er ein av dei fire leiarane i prosjektet.

Les meir i Ytre Sogn fredag!