Høgsesong for kattedumping


–Eg er ikkje i tvil om at den vetle kattungen som vart funne om lag 400 meter inne i tunnelen vart dumpa der, og det er heilt forferdeleg, seier Anne-Jo Bjordal i Lånefjorden til Ytre Sogn.

Sommaren er høgsesong for kattedumping, noko den vesle kattungen som vart funne i ein tunnel i Dale for ei tid sidan er berre eit av mange døme på.
– Det blir fleire og fleire katter, og dumping av dei er diverre noko som skjer heile året, men det blir gjerne meir synleg no om sommaren, i ferietida. Ein stiller seg spørsmålet om kva slags menneske som gjer slikt, men eg trur at dette er noko som skjer i alle samfunnslag, og det er rett og slett forferdeleg. Dersom ein av ulike grunna ikkje lenger kan ha katten sin så ta kontakt med oss eller ein veterinær for å få hjelp, seier Anne-Jo Bjordal, som er nestleiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane til Ytre Sogn.

Fann tilfeldig

Ho fortel at det var tilfeldig at kattungen vart oppdaga i tunnelen-
– Ein kar var på veg til jobb då han oppdaga den om lag seks veker gamle grå kattungen om lag 400 meter inne i tunnelen. I tillegg til gråfargen som gjorde det vanskeleg å oppdage den, var den livredd og ikkje lett å få tak i. Han som fann og leverte den til Dyrebeskyttelsen trudde at det var ein villkatt, men det er ikkje tilfelle sidan den er vand med folk. Den var rett og slett berre skikkeleg red, seier Bjordal.
Ho fortel at ei lita stund etterpå vart det funne ein kattunge på same staden av ein familie som har vald å behalde den.
– Begge kattungane vart heldigvis redda, men det er helt forferdeleg at folk kan få seg til å dumpe dei inne i ein mørk tunnel, seier ho.
Det er om lag fire veker sidan hendinga, og i dag har den vesle, grå katten det bra i Lånefjorden hos Anne-Jo Bjordal og familien hennar, og dei andre dyra der.

Viktige tiltak

Ho seier at for å få bukt med problemet og få ned talet på kattungar er det utruleg viktig at folk kastrere kattane.
– For med aukande tal av katter kan dette fort bli eit nabo- og nabolagproblem som kan medføre meir dumping.
På spørsmål om økonomi kan vere årsak til dette så trur ho ikkje det.
– Eg trur det rett og slett at det har med folk sine haldningar å gjere. Har ein rett haldning til husdyr så vil ein ikkje klare å dumpe dei.
Ho peikar på at i tillegg til kastrering hadde det gjort ting mykje enklare om eigarane hadde hatt ein ID-chip på katten sin, slik at ein kan identifisere eigaren med ein skannar som både dei og dyrlegar har.

Treng forvertar

Bjordal fortel at Dyrebeskyttelsen får inn fleire hundre kattar i året og har forvertar rundt omkring, men med så mange kattar treng dei mange fleire.
– Vi har stort behov for fleire forvertar og fosterheimar til kattane som kjem inn. Vi dekker sjølvsagt nødvendige utgifter til blant anna kattemat og –sand, seier ho og viser til at det er veldig mange katter som går lause omkring, og dersom ein oppdagar nokon som ikkje ser ut til å ha det bra har ein ifølgje dyrevelferdslova eit ansvar.
– Sjå litt på korleis den ser ut; om den virkar svolten, dårleg eller kanskje er litt pjuskete i pelsen. Forhøyr deg litt med naboar og bruk sosiale media for å nå ut til flest mogeleg, eller ta kontakt med oss om du er usikker på kva du skal gjere, er oppmodinga hennar.