Lokale nyhende frå Ytre Sogn 7. august 2020
Ytre Sogn 7. august 2020

– Frå januar 2021 blir det ein sterkare satsing på Hjertebladhagen, for då har eg ikkje fulltidsjobb ved sida av, seier Merete Iversen.

Ho vil gjere hobbyen om til levebrød

Journalist: Cecilie Skogheim | Publisert: 14. juli 2020

Med omlag 400 000 kroner i omsetning første halvvår av 2020 går hobbyprosjektet Hjertebladhagen godt.

Iversen har for augneblikket jobb ved sida av hageinteressa som har teke av. Ho reknar med at ho skal jobbe med Hjartebladhagen på fulltid etterkvart.

Satsar på turisme

No skal ho også satse på turisme, samtidig som ho utviklar hagebutikken sin endå meir.
– Eg har akkurat kjøpt meg eit hus på Salbu og skal overta det i dag, seier ho entusiastisk før ho fortsett å fortel.
– Huset er frå 1935, og eg skal leige det ut att. Eg skal pusse opp litt men behalde mange gamle møblar for å behalde den sjarmerande stilen. Eg kjem til å leige ut frå veke 30.
– Alt neste veke?
– Ja, det gjekk fort frå eg kjøpte det til eg skal leige ut. Heile denne veka går til å gjere huset klart, smiler ho.

I drivhuset kan ein finne alle slags vekstar, blant anna tomatplanter.
– Eg trur folk lika å sjå kvar maten kjem i frå, og at folk ser kor viktig det er med sjølvdyrking, seier Iversen.

Hobbyen som tok av

Ikkje nok med det, i tillegg til hagebutikken og utleige skal ho også starte opp som hagekonsulent.
– Eg tenkjer å starte opp som hagekonsulent i januar. Då har eg avslutta årsvikariatet eg no har. Frå januar 2021 blir det ein sterkare satsing på Hjertebladhagen, for då har eg ikkje fulltidsjobb ved sida av, seier ho.

Den hjarteforma plenen er ein artig detalj i hagen til Iversen.



Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord