HMS-prisen til Hydro Høyanger


Hydro-Høyanger vart tysdag kveld tildelt Primærmetall i Hydro sin HMS-pris for 2018.

Det skjedde under forretningsområdet si årlege leiarsamling som finn stad denne veka, og der ein av dei største begivenheitene er kunngjeringa av kva verk og einingar som har stukke av med dei gjeve prisane for fremragande resultat og forbetringar i året som gjekk.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det at Hydro Høyanger har demonstrert eineståande forbetringar og resultat innanfor helse, miljø og sikkerheti (HMS).

- Høyanger er det minste aluminiumverket i Hydro si portefølje, men dei oppnår store resultat. Høyanger vart nyleg kåra til «Årets Lean-bedrift», og nyttar Aluminium Metal Business Systems (AMBS)-prinsippa for å forbetre alle område innanfor HMS. Helie staben er engasjert i initiativet «Shopfloor innovation» for å redusere risiko og forbetre HMS-ytingane. Resultatet er at Høyanger er i stand til å forbetre eit allereie svært godt resultat.

PS! Hydro Høyanger er nominert til tilsvarande pris på leiarsamlinga for heile Hydro, der utdelinga skjer onsdag 25. september.