Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

– Den har blitt eit viktig bidrag til lokalhistoria vår, seier Jan Anders Timberlid og Janne Kristin Bøyum i Høyanger historielag. Dei er klare med den niande årboka i rekkja, og no på fredag blir det lansering på Lavik Fjordhotell.

Historielaget klar med ny årbok

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 20. november 2019

– Det har aldri vore noko problem med å få historiar til boka. Det har heller vore å avgrense seg, seier Jan Anders Timberlid og Janne Kristin Bøyum om den førbels siste årboka til Høyanger historielag.

Fredag den 22. november er det klart for lansering, og det skjer på Lavik Fjordhotell.

– Vanlegvis har lanseringa vore i Høyanger. Men det er jo ei årbok for heile kommunen- Difor fann vi ut at i år skulle vi leggje den til ei anna bygd, og valet fell på Lavik, fortel Jan Anders Timberlid og Janne Kristin Bøyum til Ytre Sogn.

Boka er den niande i rekkja, og i år som tidlegare år har historielaget si årboknemnd fått det lokale kommunikasjonsbyrået Finurlig til å utforme den. Ifølgje dei to er årets bok – med sine 128 sider – ei av dei største dei har laga.Og som alltid er det mange som bidreg.Dei fortel at dei alltid har som mål å ha med historiar frå alle delar av kommunen.

– Og det har vi klart i år også. Vi prøver dessutan å spreie det ut tematisk, og i år er det samlingsplassar i kommunen som går att. Vi er innom både Hovlands kafé i Vadheim og Ura i Ortnevik. Det siste handlar om livet på kaien i bygda på 1950- og 60-talet, seier Timberlid.

Elles er dei også innom kvinnearbeidsplassen som Høyanger sjukehus var.

– Også tek vi føre oss ord og utrykk frå Måren og Berge. Så vi tykkjer at vi har fått til ei bok med variert innhald.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord