Lokale nyhende frå Ytre Sogn 7. august 2020
Ytre Sogn 7. august 2020

Odd Arild Løseth, butikksjef på Sport´n i Høyanger anbefalar folk å sove ute i hengekøye. -Ein kjem veldig tett på naturen, seier han.

Hengekøyesalet har eksplodert i sommar

Journalist: Cecilie Skogheim | Publisert: 1. juli 2020

– I fjor var den store trenden fjellturar, og i år er det hengekøyer, seier Odd Arild Løseth, butikksjef på Sport´n i Høyanger.

– Det blir fine bilete på Instagram av det, humrar Løseth.

Han fortel at butikken opplev stor pågang av hengekøyekjøp. 


– Det er leverandørar som er tomme. Vi skjønte at dette kom til å ta av, så me var raske på labben med å bestille inn mykje, seier han.

– Kva trur du er grunnen til at det har blitt så populært å sove ute i hengekøye? 


– Det var populært i fjor og, men det er først no i sommar det verkeleg har eksplodert. Det er blitt meir å meir populært å bruke naturen, det er nok grunnen. Så blir det jo fine bilete på Instagram og andre sosiale media. Det kan vere ein anna grunn. Det er jo ikkje noko gale med litt skrytebilete. Det er ein sunn aktivitet, held han fram.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord