Heimdalstrand er freda


Riksantikvaren har vedtatt å frede eigedomen og kunstnarbustaden Heimdalstrand i Balestrand.

Husa på eigedomen Heimdalstrand er bygde i 1910. Dei var sommarbustad og arbeidsstad for målarinna Emma Normann Pastor, som også skal ha teikna husa. Seinare overtok dottera hennar, danserinna og målarinnna Helga Normann eigedomen, men etter at ho døydde i 1987, har huset vore lite i bruk.

Svært godt bevart

Målet med fredinga er å bevare Heimdalstrand som eit arkitekturhistorisk og kulturhistorisk viktig døme på ein kunstnarbustad i dragestil, knytt til utviklinga av turismen på Vestlandet på byrjinga av 1900-talet. Eigedomen er svært godt bevart frå tida då Emma og Helga Normann brukte han.

– Fredingsvedtaket stadfestar dei nasjonale kulturminneverdiane i denne eigedomen, og det vil bidra til at han vert tatt godt vare på i framtida, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Nasjonale verdiar

Riksantikvar Jørn Holme framhevar også dei nasjonale verdiane i eigedomen i uttalen sin om fredingsvedtaket.

– Heimdalstrand er usedvanleg godt bevart og sannsynlegvis den mest intakte kunstnarbustaden frå kunstnarkolonien i Balestrand. Eigedomen er eit særs godt arkitekturhistorisk døme på den seine dragestilen, i tillegg til at han fortel om turismen på Vestlandet frå førre århundreskifte og framover, seier Holme.

Rosar nye eigarar

Fylkeskommunen starta arbeidet med fredingssaka i september 2015. Samarbeidet med eigarane Tor Mjelstad og Elisabeth Tonheim har vore godt gjennom heile prosessen, og fylkeskonservator Eva Moberg rosar dei for innsatsen dei har gjort.

– Dei har lagt ned ein betydeleg innsats for å setje bygningane i stand etter at dei overtok eigedomen i 2015. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med å ta vare på og setje i stand eigedomen, slår Moberg fast.