Heim til nye, spennande jobbar


- Om vi kan bidra til at unge, nyutdanna frå kommunen vel å flytte tilbake, er det ingenting som er betre enn det, seier Erik Osland, dagleg leiar hos Osland Havbruk, til Ytre Sogn.

Dei førebels siste tilsette hos oppdrettsselskapet med hovudkontor i Bjordal er nemleg søskenparet Hans Kristian (26) og Ann Kristin (23) Ringereide frå Lavik. Begge har fått jobbar som driftsteknikarar i dotterselskapet Osland Settefisk - ho på anlegget i Sørebø, han i Midtneset - og startar rett over nyttår.

- Eg hadde ikkje tenkt på at det kunne vere denne type jobbar i heimkommunen, så eg var glad då sjansen dukka opp. Som ferdig utdanna maskiningeniør på høgskulen i Haugesund no i år var jobben midt i blinken, og den kom også på rette tidspunktet, seier Ann Kristin, og får samtykkjande nikk frå bror sin, Hans Kristian.

- Det er også viktig med jobb i ei næring som er framtidsretta. Osland Havbruk har blant anna investert i nytt, moderne settefiskanlegg, seier han.

Sjølv er han utdanna mekanikar, innan brønn- og boreteknikk.

- Det er litt på sida av det eg har jobba med før, blant anna innanfor olje- og gassindustrien. Men eg trur dette blir vel så interessant, seier han.

– For oss er det heilt klart viktig også å rekruttere lokalt, sjølv om eg skal vere forsiktig med å seie at det eine er betre enn det andre. I første rekkje handlar det om å få tak i folk med rette kunnskapen. Men det er klart at dei som har tilknyting til området gjerne betyr meir stabil arbeidskraft, seier Erik Osland, dagleg leiar i Osland Havbruk, til Ytre Sogn

Difor er han også nøgd med å få to nye, unge tilsette frå Lavik.

– Ingenting er betre enn om vi som bedrift kan bidra til at folk som har vore ute og teke høgare utdanning kjem tilbake, og det kan vi ved å tilby spennande og utfordrande jobbar, seier han og fortel om heilt andre type jobbar no enn for berre fem-ti år sidan.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!