Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

- Heilt topp! seier Stein «Brutus» Sæternes (bak, nr to. f.v.) om at biljardklubben i Høyanger no er i gang igjen. Her spelar han mot Mathias Fredriksen (framme). T.v. Thord Are Stølen og t.h. Pål Fredriksen.

– Heilt topp å vere i gang igjen!

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 19. oktober 2020

Både nye og gamle spelarar kom innom då den nystarta biljardklubben i Høyanger hadde første spelekvelden.

-Heilt topp! seier Stein «Brutus» Sæternes om at dei no er i gang igjen, etter nesten 20 år.



Han var sjølv aktiv spelar den gong Høyanger sist hadde biljardklubb, og var også med i styret.

Søndag kveld var han tilbake då nye klubben inviterte til første spelekvelden sin, i Ungdomsklubben i Høyanger rådhus.



– Eg kjem nok til å stikke innom her nokre kveldar, eg også. Opp gjennom åra har det jo vore snakka ein del om å kome i gang igjen. Men då er ein også avhengige av personar som tek det på seg. Og det har vi jo no, seier han og nikkar mot Thord Are Stølen og Kurt Hande Aardal på bordet rett bak, i gang med å instruere nye spelarar.



Og det tok ikkje lang tid før biljardrommet nede i rådhuskjellaren var fylt opp av spelelystne. No sette koronarsituasjonen rett nok grenser for kor mange som kunne oppholde seg der samstundes, men i løpet av kvelden var i alle fall mellom 20 og 25 personar innom.

– Eg veit også om fleire som vil kome andre dagar. Så dette må vi vere nøgde med, seier Stølen, leiar i klubben, om oppmøtet denne første spelekvelden.



Les meir i neste Ytre Sogn!


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord