Heiderspris til Høyanger Kunstlag


Saman med Kongsberg Kunstforening vart Høyanger Kunstlag i helga tildelt heidersprisen Årets Kunstforening 2018.

Det er Norske Kunstforeiningar som deler ut prisen til ei kunstforeining som har utmerka seg med nyskapande arbeid eller gode prosjekt, og som kan vere til inspirasjon for andre kunstforeiningar.

– Dette var veldig overraskande, men vi synest også det er vel fortent! Vi har lagt ned ein stor frivillig innsats for kunsten, jubla nyleg avtroppa leiar Reidun Haugnes i Høyanger Kunstlag då ho mottok prisen på årsmøtet til Norske Kunstforeiningar, som vart halde i Haugesund i helga. .

Med stort engasjement og målretta arbeid har Høyanger Kunstlag etter nærast 20 år fått sine eigne lokale då Gunnar S. Galleriet endeleg opna 29. november 2018. Anna kvart år deler foreininga ut sitt eige stipend med påfølgande stipendutstilling, noko som har vore ein viktig del av foreininga sin profil og publikumsoppslutning. Juryen ynskjer å hylle vilje og pågangsmot over fleire år, som har gitt fantastiske resultat.

– Eg er veldig takknemleg, det er kjekt å kunne avslutte mi tid i kunstlagsstyret med ei slik utmerking, etter å ha jobba for å få på plass galleriet i 20 år, seier Haugnes.

Haugnes ynskjer også gje ros til Høyanger kommune for det gode samarbeidet om Gunnar S. Galleriet, og for at kommunen har valt å prioritere kunsten.

Den andre mottakaren av prisen er Kongsberg Kunstforening som gjennom fleire år har halde eit høgt nivå på utstillingsprogrammet. Gjennom leiken og ambisiøs programmering har foreininga lukkast i å nå nye publikumsgrupper og formidle ny kunst til fleire grupper i sitt eige lokalmiljø.
Utmerkinga Årets kunstforening vert delt ut kvart år i samband med årsmøtet til Norske Kunstforeninger. Prisen er på 30 000 kroner. Juryen for Årets Kunstforening er styret i Norske Kunstforeninger. Norske Kunstforeninger er paraplyorganisasjon og kompetansesenter for 150 kunstforeninger.