Heider til Høyanger-spelarar


Fleire av IL Høyang sine fotballspelarar vart heidra for prestasjonane sine denne sesongen, på fotballfesten på Øren Hotel laurdag kveld.

Ein av dei var Sander Stølen Olsen på Høyang sitt førstelag, som fekk prisen Årets spelar.
Til Ytre Sogn seier Olsen at det har vore ein fin sesong, der oppturane har vore fleire enn nedturane og at sigarane mot Dale og Syril står igjen som høgdepunkta.
– Å bli kåra til Årets spelar betyr utruleg mykje for meg, og er definitivt motiverande. Det er også eit bevis på at ein har gjort ting rett, seier han og på vegne av seg og laget takkar han trenarteamet for ein fantastisk sesong.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!