Heggø vil ha garanti frå statsråden


- Kan statsråden garantere ordførere og innbyggere i områder der vindkraftutbyggingar har klare nei standpunkt at vindkraft konsesjoner i desse områda får avslag? spør stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) i eit brev til olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (FrP).


Ordførarane i dei seks kommunane Høyanger, Gaular, Fjaler, Hyllestad, Gulen og Masfjorden, har gitt uttale til nasjonal ramme for vindkraft på land, der det vert slått fast at ingen av dei vil ha vindkraft i områda sine. Nasjonal ramme for vindkraft er lagt bort, men ordførarane peikar på at utbyggarane fortset som før, trass i sterk lokal motstand. Dei er no uroa over at det ikkje vert sagt eit klart og tydeleg nei frå statsråden si side, slik at vindkraftplanane for området vert lagt bort.


I ein interpellasjonsdebatt om vindkraft i Stortinget nyleg svara statsråden at det var uaktuelt å gje løyve til vindkraftutbygging der det var stor lokal motstand. 


- Eg var som interpellant uroa over om regjeringa hadde lytta og lært, og om den hadde teke inn over seg kvifor tusenvis av norske borgarar føler avmakt, raseri og djup fortviling over det dei opplever som statlege godkjende overtramp mot natur og menneske, at grunnleggande lovverk som skal verne menneske, dyr og natur, blei tilsidesett og oversett. Statsråden har sagt at rammeplanen er lagt bort og at konsesjonsvilkåra skal gjennomgåast på nytt- og at søknadane vert sett på vent inntil det er komme avklaringer på konsesjonssystemet, men dette har ikkje beroliga innbyggarane tilstrekkeleg, og utbyggjarane held fram som før. Lite er og sagt om kva nye kreterium som skal inn, og kva som vert vektinga av dei.

Det er også bakgrunnen for at ho ber statsråden om eit klart svar slik at dei vert høyrde og respekterte for nei-standpunktet sitt til vindkraft. 



- Den einaste måten er å få ein garanti for at konsesjonssøknader vert avslått i område der motstanden er stor, seier Heggø.