Heggø ønskjer ikkje attval til Stortinget


Ingrid Bjørketun Heggø har gitt beskjed til nominasjonsnemnda i Vestland Ap at ho ikkje tek attval til Stortinget i 2021.

- Dette har vore bestemt ganske lenge. Så det kjem ikkje som noko overrasking, i alle høve ikkje på dei næraste, at eg no vil gje meg, seier ho til Ytre Sogn.



Det var søndag føremiddag at Ingrid Bjørketun Heggø (58) la ut meldinga på si eiga facebook-side om at ho hadde gitt beskjed om at ho ikkje tok attval, etter snart fire periodar på Stortinget. 



- Det er ei tid for alt. No har eg vore snart 16 år på Storinget, der eg har jobba med å fremje heimfylket sine interesser. Så no tykkjer eg det er på tide at andre overtek, seier ho, men understrekar at ho ikkje er lei av å drive med politikk. 




- Nei, det å få vere på Stortinget har vore - og er framleis - draumejobben, ingen tvil om det. Den har gitt meg høve til å jobbe med det eg verkeleg har hatt lyst til, nemleg å bidra til å gjere kvardagen til folk betre. Difor er eg også svært takksam for tilliten som veljarar og partiet har vist meg gjennom alle desse åra, seier stortingsrepresentanten frå Høyanger.

Siste perioden har Heggø vore med i finanskomitéen, og før det to periodar i næringskomitéen og éin periode i justiskomitéen.