Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Stortingsrepresentant for AP, Ingrid Bjørketun Heggø, var tilbake i heimkommunen Høyanger for å delta på folkemøtet i samfunnshuset måndag kveld.

Heggø og Ap har ni ufråvikelege punkt

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 1. mars 2018

–Det er uaktuelt for Arbeiderpartiet (AP) å sette suvereniteten over vasskraftressursane på spel, seier stortingsrepresentant Ingrid Bjørketun Heggø til Ytre Sogn. I innlegget sitt i Høyanger samfunnshus måndag kveld la ho fram ni ufråvikelege punkt frå Arbeiderpartiet.

Heggø var på heimebane denne kvelden og opna talen sin med «Kameratar». Ho tykte det var passande med det publikum som hadde møtt opp i kinosalen.
–Utan at alle dei ni ufråvikelege punkta er på plass, så har Arbeiderpartiet si stortingsgruppe sagt at vi vil røyste i mot. Det står eg på, og det kan eg love dykk at eg gjer, sa Heggø.
LO i Ytre Sogn, Arbeiderpartiet, Raudt, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet inviterte måndag denne veka til folkemøte i Høyanger Samfunnshus. Tema var «Krafteksport eller arbeidsplassar». Dei er redd at auka krafteksport og tilslutting til EU sin energiunion vil drive opp straumprisane, og meiner at kraftkrevjande industri kan bli spesielt råka. Målet er å få ei avgjerd i Stortinget som sikrar framtida og grunnlaget for Norge sin velstand.

Les meir i Ytre Sogn fredag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord