Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

– Hydro i Høyanger og Elkem i Bremanger kan i framtida fort bli prioritert bort i diskusjonen om nyinvesteringar internt i bedriftene. Desse investeringane kan i staden kome i utlandet, eller andre stader i landet, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Heggø krev svar frå ministeren

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 8. oktober 2018

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) vil no ha svar frå olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) på kva han vil gjere for å sikre kraftkrevjande industri – blant anna i Høyanger og Bremanger – like vilkår.

Det er nemleg ikkje tilfelle om søknaden frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) om å omklassifisere linjenettet som Hydro Høyanger og Elkem Bremanger er kopla på blir godkjent, meiner stortingsrepresentanten.

Heggø peikar på at det vil medføre usikre meirkostnader, der størstedelen av kostnadane vil falle på dei to hjørnesteinsbedriftene i Høyanger og Bremanger. For sentralnettet blir nemleg kostnadane fordelt på heile landet, medan dei for regionalnettet blir fordelt på dei langt færre kundane i regionen – og her er Hydro Høyanger og Elkem Bremanger dei klart største.

– Dette vil medføre at den kraftforedlande industrien får ulike rammevilkår, alt etter kvar dei er påkopla i linjenettet. Verka i Årdal, Sunndal, Karmøy og Husnes, til dømes, får behalde tilknytinga si til sentralnetter. Det er både urettvist og konkurransevridande, seier Heggø til Ytre Sogn.

Ho fryktar difor at Hydro Høyanger og Elkem Bremanger i framtida kan bli prioritert vekk i diskusjonen om nyinvesteringar internt i bedriftene.

– Desse investeringane kan i staden kome i utlandet.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord