Hege og Terje fann draumehuset i Piemonte


Mange drøymer om å få sitt eige hus på den italienske landsbygda. Nokre gjer også noko med det.

Hege Fimreite og Terje Knoff.høyrer til sistnemnde gruppe. Dei fann draumehuset i den vesle landsbyen Novello, i italienske Piemonte, som betyr «sletta ved fjella», kjend som eit eldorado for vin- og matglade. Første gong dei besøkte området i lag var i 2011, og det var kjærleik ved første blikk.

– At det vart Italia - og Piemonte - kan vi takke mor til Terje og sambuaren hennar, Morten Taule, for. Dei tok Terje med til området i 2009, og då vi møttest i 2010 var det noko av det første han sa at vi måtte reise til Italia og La Morra. På det tidspunktet hadde eg aldri vore i Italia, fortel Hege.

Dei forelska seg først i ein plass som heiter La Morra, som ligg seks kilometer unna Novello.

– I 2015 gifta vi oss nettopp i La Morra, og byrja for alvor å sjå etter hus. Det er noko med plassen, maten, vinen, folka, roen - og sjølvsagt det pittoreske, solrike området rundt. Etter å ha reist tilbake til La Morra kvart år, skjønte vi at dette var eit område vi gjerne ville tilbringe meir tid i. Så v følgde med på annonsar, men ønskjelista vår for kva huset skulle innehalde var lang, og prisen høg viss alt på den skulle vere med. Vi ville jo gjerne ha litt plass til å ta i mot besøk fra Norge også, fortel paret, som er frå høvesvis Kyrkjebø og Førde, men no bur i Sogndal.

Ho er stipendiat i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet, medan han er soussjef ved Sogndal Hotell.

Lang ønskjeliste

På lista deira stod eit hus med nydeleg utsikt, stort uteområde, fleire enn to soverom, gjerne ein kjellar og parkeringsplass. Det måtte også liggje i - eller i nærleiken av - ein av dei 11 landsbyane som inngår i Langhe-distriktet, og som kan produsere den kjende Barolo-vinen.

– Då vi til slutt fann huset som oppfylte ønskja vi hadde låg det ute til ein litt for høg pris. Men etter at den vart sett ned bestemte vi oss for å reise til Italia, til landsbyen Novello, på vising. Det var i slutten av september 2016, fortel Hege og Terje.

Huset på ikkje mindre enn 300 kvadramtmeter viste seg å ha alt dei ønskja seg, og 14 dagar seinare var dei einige med seljar om pris.

– Så då vi første bestemte oss gjekk det raskt.

Dei betalte 1.250.000 kroner for huset, men har sidan brukt nesten like mykje på å pusse opp, innreie og møblere.

– Terje har lagt ned utruleg mange arbeidstimar på huset. I mars 2017 tok han ein månad i uløna permisjon for å ordne huset. Han laga blant anna nytt kjøken ute og inne, spiseplass i kjellar og uteplass. Det lona seg nok, samalikna med å leige inn folk til å gjere det for oss. Sommaren det året vart huset måla, gjennom ein solid dugnadsinnsats av gode vener frå Høyanger og Trondheim, fortel Hege.

Mykje papirarbeid

Også sjølve kjøpsprosessen gjekk bra, sjølv om det var mykje papirarbeid.

– Vi følte at vi var i trygge hender, takka vere ein norsk eigendomsmeklar som bur i området, Eli Anne Langen. Ho var med oss på alle møte, las igjennom alle papir og fungerte elles som tolk elles. Dei som selde oss huset kunne ikkje engelsk, heller ikkje dei lokale eigendomsmeklarane, og vi kan ikkje italiensk…..enno. Notarius, som leia prosessen, krevde at vi skulle forstå alt vi signerte på, svarar Hege og Terje.

Det som overraska litt var å høyre seljarane seie at dei var glade for at det var utlendingar som kjøpte huset, fordi då visste dei at det ville bli godt teke hand om, legg dei til.

På godt og vondt

Langhe-distriktet, som Novello er del av, står også på UNESCO si verdsarvliste. Det er på godt og vondt for dei som eig hus der, skal vi tru Hege og Terje. Det inneber blant anna meir papirarbeid og byråkrati. Alt må søkjast om, og det tek tid.

– Og - i fare for å møte oss sjølve i døra - inneber det også endå fleire turistar. Då vi kjøpte oss huset var det med ønskje om det autentiske livet på den italienske landsbygda, seier dei, men legg til at Novello ikkje er så turistifisert som andre landsbyar i området.

– Men så,er det også praktisk umogleg å kome seg inn dit med store bussar.

Og nettopp det - saman med at den har nærleik til så mykje - er også det postive med Novello.

– Det ligg i underkant av ein times køyring til flyplass og storbyen Torino, som også er Piemonte sitt administrasjonssentrum. Det er heller ikkje langt til skisportstader i fjella - eller badestrender ved kysten.

I nærområdet finn ein også andre koselege landsbyar som til dømes Alba, kjend blant anna for trøffelfestivalen sin.

– Det er også her ein lagar den kjende sjokoloadefabrikanten Ferrero Rocher, kan dei fortelje.

Sjølv vart dei kjende med Novello sommaren 2016, etter å ha leigd feriehus der.

– Vi vart godt kjende med dei vi leigde hos, Richard og Allegra, og han er no den lokale kontaktpersonen når vi leiger ut huset vårt.

Dekkje utgifter


Tanken er nemleg at utleige skal dekkje alle faste utgifter knytt til huset, og - viss dei er heldige - også framtidige investeringar, som til dømes solcellepanel. Dei peikar på at straum er veldig dyrti Italia, faktisk dobbelt så dyrt som i Norge.

– Sesongen for utleige er frå april til november, og no i 2018 - som var første heile sesongen vår - leigde vi ut 13 gonger, til alt frå langhelger til vekesopphald, fortel Hege.

Dei la sjølv beslag på huset i juli.

– Vi brukar huset altfor lite tykkjer vi sjølve, men vi prøver å få til ein tur om våren, i sommarferien og om hausten igjen. Då er det nemleg høgsesong for vinsmaking og trøffeljakt.