Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

- Vi ønskjer å vere ungdom i Høyanger kommune si stemme i debatten om vindkraft, seier (f.v.) Rune Dale Ullebø (17) frå Høyanger og Hedda Andrine Skår Indrebø (17) frå Vadheim.

Hedda og Rune har starta Ung Motvind Høyanger

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 18. oktober 2020

– Vi tykkjer det er viktig at vi ungdomar også får ei stemme i debatten om vindkraft. Det er trass alt vi som skal forvalte landet vidare, seier Hedda Andrine Skår Indrebø og Rune Dale Ullebø til Ytre Sogn.

Difor har dei to 17-åringane, som til vanleg tek studiespesialisering på Høyanger vidaregåande skule, no danna ungdomsorganisasjonen Ung Motvind Høyanger.

– Mange ungdomar har enno ikkje har teke noko standpunkt til vindkraft, sjølv om det har vore mykje debatt om det.n Det har nok også med å gjere at det kjem mykje informasjon, og då er det ikkje berre enkelt å setje seg inn i. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Hedda Andrine Skår Indrebø og Rune Dale Ullebø til Ytre Sogn.

I Høyanger kommune er det peika ut fem område som er aktuelle for utbygging; fire på nordsida og eitt på sørsida.


– Vi vil vere ungdom i kommunen si stemme i debatten, og ønskjer å nå ut med informasjon rundt utbygging av vindturbinar i fjella våre, og tydeleggjere dei store, negative konsekvensane dette vil få, seier dei to og utdjupar: 



– Det vil øydeleggje naturen om det vert gitt lov til å byggje vindturbinane. Det gjeld ikkje berre sjølve turbinane, men også mykje av området rundt. Dei vil jo byggje nye, breie vegar fram til dei, gjennom områda som vi brukar. Det ønskjer vi ikkje i fjella våre, seier dei to, som er glade for at dei bur i ein kommune som har sagt klart nei til utbygging av vindkraft.



– At vi som ungdomsorganisjon no kjem på bana, håpar vi skal gjere dette endå tydelegare. Det er trass alt vi som skal forvalte landet vidare, seier Indrebø og Ullebø.



Les meir i neste ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord