Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

Hedda Andrine Skår Indrebø (17) frå Vadheim fekk seg ein kort, men hyggjeleg prat med statsminister Erna Solberg då sistnemnde denne veka besøkte fylket. (Foto: Privat)

Hedda (17) gav statsministeren klar beskjed

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 21. oktober 2020

Hedda Andrine Skår Indrebø (17) nytta høve til å seie kva ho og Ung Motvind Høyanger meiner om vindkraftutbygging då statsminister Erna Solberg besøkte fylket tysdag.

– Eg såg på regjeringa si heimeside at det var mogleg å få ein kaffiprat med Erna Solberg på Amfi Sogningen i Sogndal under besøket hennar i Vestland denne veka. Eg søkte om det, og fekk det også. Men då flyet ikkje kunne lande i Sogndal vart det avlyst. Eg kontakta då statssekretæren, og han ordna det slik at eg likevel fekk ein prat med ho då ho besøkte Jølstra kraftverk seinare på dagen. Så eg hadde ein hyggjeleg fem minuttar lang prat med ho på Moskog, fortel 17-åringen frå Vadheim til Ytre Sogn.




Vert pressa

Som Ytre Sogn nyleg fortalde har ho – saman med Rune Dale Ullebø (17) frå Høyanger – nyleg starta ungdomsorganisasjonen Ung Motvind Høyanger, i protest mot vindkraftplanane i distriktet. 


– Eg fortalde ho at fem store aktørar er interesserte i å byggje ut i fjella våre, men at kommunestyret vårt har sagt nei til dette. Eg sa også at det er ille om vi då skal bli pressa på slik utbygging i fjella våre, seier Skår Indrebø.


Ho viser til at det har vore store vasskraftutbyggingar i Høyanger i over 100 år, men at dette har vore rein energi i form av vasskraft. 


– No risikerer vi at siste delen vi har igjen av urørt natur skal bli brukt til vindkraft, og dette ønskjer vi ikkje. I staden bør ein sjå på moglegheitene til å oppgradere allereie eksisterande vasskraftverk, noko eg også sa til Erna, legg ho til.



Ikkje einig

– Vi meiner at kommunen sjølv skal få bestemme kva arealet i fjellet skal brukast til. Men dette var ho ueinig i. Ho meiner at staten skal bestemme kvar i landet desse vindparkane skal vere, og at kommunen ikkje skal ha vetorett i desse sakene, konstaterer 17-åringen frå Vadheim.


Ho meiner likevel at praten med Solberg var både nyttig og viktig.


– Det er ho som styrer landet, og då er det viktig at vi ungdomar engasjerer oss og fortel kva vi meiner, seier Skår Indrebø, som avslutta praten med å gje statsministeren ei mappe som inneheldt eit ark med Ung Motvind Høyanger sine synspunkt om vindkraft, i lag med bilete frå fjella i ytre Sogn og Sunnfjord.



– Eg håpar sjølvsagt at ho tek seg tid til å sjå på det, og at ho vil sjå at dette er natur som er verdt å ta vare på.


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord