Lokale nyhende frå Ytre Sogn 29. februar 2020
Ytre Sogn 29. februar 2020

(Pressefoto: Havyard Group)

Havyard samarbeider om ferdigstilling


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 7. februar 2020

Havyard set bort ferdigstilling av ein plattform supply-båt til Kleven Verft.

Forseinkingar på tidlegare byggeprosjekt ved verftet i Leirvik har gitt ringverknader for gjennomføring av den gjenvarande ordreboka, og dermed et behov for å ta ned belastninga på anlegget i Leirvik, opplyser Havyard Group i ei pressemelding. 


– For å sikre ferdigstilling av pågåande byggjeprosjekt utan vesentlege forseinkingar er det beslutta at ferdigstilling av bygg 126, som skal leverast til det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing, vert sett bort til Kleven, som ein underleverandør til verftet i Leirvik. 
Kontrakten inngår som ein del av totalløysinga det vert jobba med for å ferdigstille resterande ordrebok ved Havyard sitt verft, totalt sju nybygg. 


Arbeidet ved Kleven Verft startar i byrjinga av februar, med overlevering til kunden i løpet av sommaren. 


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord