Hardt og rått frå Høyanger-band


Det blir som forventa både hardt og rått når industribandet Me And You Va-Va-Voom frå Høyanger fredag 11. januar slepp det første albumet sitt, «The Perfect Slot».

Med harde riff og mykje energi, slår det nye albumet til Høyanger-bandet deg rett i bakken frå første stund. Og endeleg er dagen inne for at «The Perfect Slot», som vert gitt ut på plateselskapet Rob Mules Records, kjem ut til publikum. Medlemane i bandet er veldig klare for å satse vidare på Me and You Va-Va-Voom-prosjektet.

– Etter at vi slapp singelen «No days off» har interessa frå publikum vore større enn forventa og vi er utruleg glade for at den har blitt teke så godt i mot. No håpar vi at albumet blir teke like godt i mot og at vi får moglegheita til å fortsetje å lage musikk, seier medlemmene i bandet, Odd Erik Dingsøyr, Bjarte Johansen og Tor Egil Høyvik.

Sjølv om alle har lang erfaring med musikk, er sjangeren deira vanskeleg å definere. Men det er heller ikkje så viktig for bandet.

– Dette er eit prosjekt som «oser» av overskot, og inspirasjonen til musikken har vi henta frå 80- og 90-tals amerikansk og norsk hardcore metall, krydra med ein dose herleg alternativ 90-tals rock. Men sjangeren meiner vi ikkje er viktig, og når vi lager musikk så tenkjer vi rett og slett ikkje over det! Det viktigaste for oss er å lage god musikk og at vi har det jævlig moro, fortset dei.

Les meir om Høyanger-bandet i siste utgåve av Ytre Sogn!